Photo:
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
/
Eikaasgalleriet
Ludvig Eikaas og Audun Hugleiksson
By Eikaasgalleriet
Kva har Eikaas med Audun å gjere?
Det er ikkje berre Ålhus som bind kunstnaren Ludvig Eikaas (1920–2010) og stormannen Audun Hugleiksson (ca. 1240–1302) saman. Eikaas bidrog myk...
Kva har Eikaas med Audun å gjere?
Det er ikkje berre Ålhus som bind kunstnaren Ludvig Eikaas (1920–2010) og stormannen Audun Hugleiksson (ca. 1240–1302) saman. Eikaas bidrog mykje til å verkeleggjere spelet om Audun, og i samband med det illustrerte han ei bok om denne innflytelsesrike mannen. I boka gjev Eikaas si tolking av Auduns liv, frå hans mektigaste dagar til hans fall.
Audun var ein rettskunnig mann, og han spelte truleg ei heilt sentral rolle i arbeidet med Magnus Lagabøtes nye landslov. Etter alt å døme gjekk mykje av arbeidet føre seg i Håkonshallen i Bergen, og denne steinhallen kjem tydeleg fram i ein av illustrasjonane til Eikaas. Det var dessutan ein bygning kunstnaren kjente svært godt. Allereie fleire tiår tidlegare hadde Eikaas vore med på å lage utsmykkinga av han.
Kva har Ibsen med Audun å gjere?
Den verdsberømte dramatikaren Henrik Ibsen (1828–1906) skreiv fleire historiske skodespel. I det eine av dei er Audun viktig for handlinga. Han er blant anna nemnt i samband med hallen til kongen. Eikaas laga også illustrasjonar til ei utgåve av Ibsens samla verk.
I denne utstillinga kan du sjå nokre av illustrasjonane til Ibsenutgåva og boka om Audun. Du kan også få vite meir om utsmykkinga av Håkonshallen.