Share to
Visste du at det største bergverksføretaket i Skandinavia frå vikingtid og mellomalder er i Hyllestad? Her vart kvernsteinar - "livets steinar" - produserte i eventyrlege mengder for ein internasjonal marknad. Men kvifor akkurat her? Kven var steinhoggarane som forma fjellet, og korleis fekk dei det til? Kva tente kvernsteinane til, og kvar tok dei vegen herifrå? Vi ynskjer 9. trinn velkomen til ei tverrfagleg reise i Kvernsteinsparken - frå berg til brød!
Maximum attendees
30
Duration
3 timar
Time period
Onsdag-fredag, i perioden april-september
Cost
Free
Other info
Kvernsteinsparken er ein utandørsarena med uisolerte formidlingsbygg. Ein lyt difor kle seg etter vêr og vind, gjerne i ull og eigna fottøy for vandring i ulendt terreng. Fare for bållukt. Til dels universelt utforma bygningar og formidlingsløype. Ta kontakt for ev. ynskje om tilpassing.
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Naturfag (NAT01-04) and Kulturarv (LKA01-02)
Pedagogisk gjennomføring
Oppmøte i Storehuset i Kvernsteinsparken - velkomst og plan for dagen.
Felles introduksjon til Kvernsteinsparken som museum og formidlingsstad.
Gruppeaktivitetar
- Utforsk kulturlandskapet og historia gjennom eiga formidlingsløype med 14 postar i parken (NB: Hugs høvelege uteklede og sko)
- Kverna - kva og kvifor? Korleis kverne korn til mjøl på gamlemåten?
- Frå berg til brød - kornet er kverna - kva no? Vi bakar brød over open eld.
Vi avrundar opplegget med oppsummering og refleksjon kring bålet. Høve for grilling (NB: Hugs niste).
Vel heim, og velkomen attende!
Museumsbuss - nytt gratistilbod for 9. trinn
Gratis museumsbuss er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida.